RANDI NYGÅRD
Randi Nygård er oppteken av våre grunnleggande natursyn og -forhold. Våre relasjonar til og påverking på naturen er ofte usynlege for oss, og Nygård sine verk er lagvise og poetiske visualiseringar av desse. Ho freistar også å få fram både undring og begeistring over naturen og livet rundt oss, for å visa at den har ein verdi langt utover å vera ein materiell ressurs.
Verka hennar tek ofte utgangspunkt i vitskaplege fakta eller hypotesar som kryssar samfunnet og det sosiale med naturen sine krefter og evner. I tre-dimensjonale collagar, teikningar og installasjonar freistar ho å visualisera hypotesane og kreftene på ein poetisk måte. Ho har lete seg inspirera av at tida kanskje ikkje berre går men oppstår mellom ting, at isbrear pustar, at tennene våre er linka til evna til å hugsa, at vår livsførsel fører til at dyr og planter døyr ut i andre verdsdelar og at ord på like stavingar ofte står for ting med likande visuelle former.